Төменде әннің мәтіні берілген Grieg: Haugtussa - Song Cycle, Op. 67 - Killingdans , суретші - Anne Sofie von Otter, Bengt Forsberg, Эдвард Григ аудармасымен
Аудармасы бар түпнұсқа мәтін
Anne Sofie von Otter, Bengt Forsberg, Эдвард Григ
Å hipp og hoppe
Og tipp og toppe
På denne Dag;
Å nipp og nappe
Og tripp og trappe
I slikt eit Lag
Og det er Kjæl-i-Sol
Og det er Spel-i-Sol
Og det er Titr-i-Li
Og det er Glitr-i-Li
Og det er Kjæte
Og Lurvelæte
Ein Solskinsdag
Å nupp i Nakken
Og stup i Bakken
Og tipp på Tå;
Å rekk i Ringen
Og svipp i Svingen
Og hopp-i-hå
Og det er Sleik-i-Sol
Og det er Leik-i-Sol
Og det er Glim-i-Li
Og det er Stim-i-Li
Og det er Kvitter
Og Bekkje-Glitter
Og lognt i Krå
Å trapp og tralle
Og Puff i Skalle
Den skal du ha!
Og snipp og snute
Og Kyss på Trute
Den kan du ta
Og det er Rull-i-Ring
Og det er Sull-i-Sving
Og det er Lett-på-Tå
Og det er Sprett-på-Tå
Og det er hei-san
Og det er hopp-san
Og tra-la-la!
Әртүрлі тілдегі әндер
Барлық тілдерге жоғары сапалы аудармалар
Қажетті мәтіндерді секундтарда табыңыз